Bokslipp i Oslo! “Kjønn og ukjønn”

I morgen slipper Kristin Fridtun sin tredje bok “Kjønn og ukjønn” på Mono i Oslo. Der skal også jeg være og delta i en samtale med blandt andre Luca fra BestMedBart.no.

Om arrangementet skriver Kristin:

“Tredjeboka mi er den vanskelegaste (men viktigaste?) eg har skrive, og torsdag 17. september skal eg feira at boka er ferdig og kan sleppast ut i verda. Alle vidsynte skeivingar og streitingar er hjarteleg velkomne! Ta gjerne med ein ven eller fleire.

Det kjekkaste med sleppfestar er sjølvsagt å prata med folk, men scena skal òg takast i bruk. På programmet står

– eit minikåseri om ordet ‘kjønn’

– opplesing ved Tina Åmodt

– ei samtale med dei profilerte LHBT-aktivistane Luca Dalen Espseth og Christine Marie Jentoft.

Boka Kjønn og ukjønn er samansett av fem laust samanhengande essay, som alle har ordet og omgrepet ‘kjønn’ som raud tråd. Boka er skriven med utgangspunkt i mine eigne røynsler som transperson, og eit tilbakevendande tema er kjensla av å stå på utsida av det me kallar kjønn. Granskinga av ordet ‘kjønn’ blir såleis eit springbrett til vidare drøftingar av kjønnskategoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur – og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen.

NB: Mono opererer med 20 års aldersgrense på kvardagar.”

Link til arrangementet, håper vi sees der 🙂

https://www.facebook.com/events/1518312361792977/

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg